I Agatunet held trioen konsert 22.august kl. 1900. Det vert sal av forfriskningar før konserten, og tunet opnar kl. 1830.
SPOR tek utgangspunkt i Ruth Lillegraven sine dikt og tekstar, til musikk av og med folkemusikarane Annlaug Børsheim på gitar, hardingfeler og vokal og Rannveig Djønne på toradar. Desse tre hardingane følgjer ulike musikalske og litterære spor i denne konserten, og det er liten tvil om kvar dei kjem i frå.
Duoen Djønne&Børsheim har i fleire år samarbeida med Ruth Lillegraven og tonesatt tekstar av henne. Dei laga musikkteateret HUSMANN til husmannsplassen Kvemmadokkje i Ulvik i 2019. Urframføringa samla 800 menneske, og det var ein kveld dei seint kjem til å gløyme.