PROGRAMOVERSIKT

THROWBACK QUIZ – Tilbake til 2000-tallet

THROWBACK QUIZ – Tilbake til 2000-tallet

fredag 25. september kl 21:00 - 23:59, Iris Scene

Børst støvet av Nokia 3310, finn fram CD-mappa og vurder om Bieber-cutten fortener eit comeback, me skal tilbake til 2000-talet.

Det blir ein nostalgisk popkulturquiz full av musikk, TV, film, kjendisar, sport, teknologi og alt det andre me så, høyrde på og brukte altfor mykje tid på.
Aleksander Svenning gjer comeback som quizvert, denne gongen på heimebane i eiga stove på Iris Scene.

Etter quizen held kvelden fram med moglegheit til å testkøyra den nye karaokeløysinga vår i samarbeid med SYNG. Då er det berre å finna fram favorittlåta og gripa mikrofonen.

Påmelding: irissceneodda@gmail.com
Maks 6pr lag.

Dørene åpner kl. 21.00 med quizstart kl. 22.00.

Inngang: Gratis.