torsdag 25. september kl 14:00 - 15:15, Sentralbadet Litteraturhus
Espen Beranek Holm og Morten Lorentzen er ikkje lenger dei ungdommane dei heile tida har meint dei var. Morten har bikka sytti medan Espen enno har nokre år til gode.
Dei har merka seg korleis eldre menneske forsvinn ut av det offentlege rommet når dei forsvinn ut av arbeidslivet. Dei blir nokre andre snakkar om, men ikkje med. Dei blir litt usynlege i ei verd der det er trettiåringane som fortel dei kva som er rett og viktig, og alt dei kan og har gjort er ikkje lenger så interessant. I tillegg kjem alle desse tekniske duppedittane som dei slit med å forstå. Det du altså får i denne framsyninga «To eldre herrar» er ei framsyning av og for eldre menneske.Ei varm framsyning å bli i godt humør av.
Dørene opner kl. 13.00
Showstart kl. 14.00
Inngang: kr. 250
Billettar kan kjøpast på
Sentralbadet Litteraturhus si heimeside.