PROGRAMOVERSIKT

Utstilling: Dekor på tre

Utstilling: Dekor på tre

søndag 4. mai kl 00:00 - 00:00, Hardanger Folkemuseum

I utstillinga Dekor på tre, vert det vist fram mange skattar frå museumssamlingane.

Rosemåling, karveskurd og svidekor finn me på ei rekkje, vakre bevarte gjenstandar frå 1700- og 1800-talet. Dei kjem frå gardane kring Hardangerfjorden, og var ein del av dagleglivet til folk før i tida. Det var langt frå tilfeldig kva for gjenstandar som vart dekorerte. Her er kjenger med hestehovud, rosemåla bollar, lagga staup ved svidekor. Desse drakk ein øl av i festlege lag. Smørformene og stettefata høyrte og med til samkomer, brakt til gards i rosemåla sendingskorger, saman med grautambaren. Likeins dekorerte ein kister og skrin, der ein hadde sine kjæraste ting. Motiva i dekoren har røter langt attende i tid, knytt til fruktbarheit og grøde.

Karveskurd er ei form for treskjering der motiva ofte er geometriske figurar, som sirklar og rosettar. Svidekor vart laga ved å varma opp jarn i ulike geometriske formar, og brenna mønsteret inn i treverket. Begge desse er svært gamle teknikkar. Rosemålinga vart for alvor populær frå slutten av 1700-talet. Her er det måla stiliserte blomar og rankar, men òg motiv frå bibelsoga, eksotiske dyr og portrett. Mange kjende rosemålarar har virka i Hardanger, mellom anna Gunnar Arnfinnson Aarekol, som utstillinga viser fleire arbeid av.

Utstillinga inneheld over 100 gjenstandar, alle henta frå museet sine samlingar.

Utstillingsperiode 4. mai 2025 til 31. desember 2026.