Dekor på tre
Utstillinga Dekor på tre inneheld mange skattar frå museumssamlingane. Fleire av desse har ikkje vore vist for publikum før. Rosemåling, karveskurd og svidekor finn me på ei rekkje, vakre bevarte gjenstandar frå 1700- og 1800-talet. Dei kjem frå gardane kring Hardangerfjorden, og var ein del av dagleglivet til folk før i tida. Det var langt frå tilfeldig kva for gjenstandar som vart dekorerte. Her er kjenger med hestehovud, rosemåla bollar, lagga staup ved svidekor. Desse drakk ein øl av i festlege lag. Smørformene og stettefata høyrte og med til samkomer, brakt til gards i rosemåla sendingskorger, saman med grautambaren. Likeins dekorerte ein kister og skrin, der ein hadde sine kjæraste ting. Motiva i dekoren har røter langt attende i tid, knytt til fruktbarheit og grøde.
Karveskurd er ei form for treskjering der motiva ofte er geometriske figurar, som sirklar og rosettar. Svidekor vart laga ved å varma opp jarn i ulike geometriske formar, og brenna mønsteret inn i treverket. Begge desse er svært gamle teknikkar. Rosemålinga vart for alvor populær frå slutten av 1700-talet. Her er det måla stiliserte blomar og rankar, men òg motiv frå bibelsoga, eksotiske dyr og portrett. Mange kjende rosemålarar har virka i Hardanger, mellom anna Gunnar Arnfinnson Aarekol, som utstillinga viser fleire arbeid av.
Utstillinga inneheld over 100 gjenstandar, alle henta frå museet sine samlingar.
Inngang: kr.