PROGRAMOVERSIKT

Ytringsrom I: Røyster i motlys: Hardanger Musikkfest 2026

Ytringsrom I: Røyster i motlys: Hardanger Musikkfest 2026

fredag 28. august kl 16:00 - 17:00, Hesthamar skrivargard

Dei som ikkje får snakka, har òg noko å seia.

Røyster i motlys er eit møte mellom musikk og poesi som gjev plass til dei tysta og marginaliserte. Gjennom tonar og ord frå ulike tider vert publikum tekne med frå uro til trøyst, frå natta si stille røyst til blikket framover. Kven får tala? Kven vert høyrd? Og kva skjer når sjølve kunsten vert tyst?

ROGRAM
- Sjostakovitsj: Pianotrio nr. 2 i e-moll, Op. 67
I Andante
- Clara Schumann: Pianotrio, Op. 17
III Andante
- Bent Sørensen: Phantasmagoria
III Dolcissimo
- Svendsen: Romanse for fiolin og piano, Op. 26
- Messiaen: Louange à l’Éternité de Jésus frå Quatuor pour la fin du temps

MEDVERKANDE
Ruth Lillegraven - poet og forfattar
Malin William-Olsson - fiolin
Mathias Beyer-Karlshoj - cello
Kristoffer Hyldig - klaver

Inngang: kr. 295
Billettar kan kjøpast på TicketCo.