Fruktblomstringa i Hardanger bør alle oppleva ein gong i livet.
I Ullensvang står tusenvis av frukttre i blomst om våren. Epleblomstring og morellblomstring er begge like flotte syn. Tidsrommet for blomstringa varierer frå år til år, men i midten av mai er det nesten alltid enten morell-, plomme-, pære- eller epleblomstring.