snakkeboble1

FOLGEFONNA

folgefonnabilde

Folgefonna er den tredje største isbreen i Noreg og strekkjer seg over kommunane Kvinnherad, Ullensvang, Odda og Jondal. Folgefonna fekk nasjonalpark status i 2005.
 

Iskappa på Folgefonna er 168 km2 i utstrekning. Breområdet er tredelt med Nordre Folgefonna, Midtre Folgefonna og Søndre Folgefonna. På det meste er truleg isen 3-400 meter tjukk. Toppen av Folgefonna er ein av dei aller våtaste stadene i landet med ein berekna årsnedbør på rundt 5500 mm.  Folgefonna er ein platåbre, det vil seia at den ligg på eit høgfjellsplatå med utlauparar ned i dalane omkring. Dei mest kjende utlauparane, eller brearmane er Bondhusbreen, Buerbreen og Blomsterskardsbreen. Folgefonna si kystnære plassering gjer at han vert kalla ein maritim bre. Folgefonna innbyr til fleire aktivitetar sommarstid. Ein stå på ski på breen ved Folgefonna sommarskisenter, eller ein kan vera med på guida breturar fleire stader på breen. Ta kontakt med turistkontoret i Odda for meir informasjon. Tlf: +47 53 65 40 05 E-post: turistkontor@odda.kommune.no