snakkeboble2

TROLLTUNGA

trolltungabilde

Opplev den heftigaste steinformasjonen i Fjord Noreg med spektakulær utsikt! Trolltunga stikk ruvande ut omlag 700 meter over Ringedalsvatnet i Skjeggedal. Her har ein fantastisk utsikt over dramatisk Vestlandsnatur.
 

Dette er den lange fotturen du ikkje vil gå glipp av! Frå Odda køyrer ein til Tyssedal på riksveg 13, for så å fylja skilt mot Skjeggedal. Fotturen startar i Skjeggedal ved byrjinga av Mågelibanen, sidan banen ikkje lenger er i kommersiell drift. Fyl stien på høgre sida av Mågelibanen. Det er omlag 900 høgdeforskjell på turen. Turen tek om lag 8 til 10 timar tur retur, og er merka med raude T'ar og nokre skilt der stiar deler seg. Omlag ein halvtimes gange aust for Trolltunga ligg Hardanger sin Preikestol som er like fin som den meir kjende Preikestolen i Lysefjorden! Mellom Trolltunga og Hardanger sin Preikestol ligg DNT( Den Norske Turistforening) hytta Reinaskorsbu kor ein kan overnatte. Ein treng DNT-nøkkel for å overnatta på denne hytta, og denne kan ein til dømes få tak i på turistkontoret i Odda. Turen til Trolltunga er mogeleg å gå frå omlag byrjinga av juli når bruene er lagt ut. Dette er ein tur som høver for folk som er i normalt god form. Hugs godt fottøy, mat, drikke og kart på turen! Kontakt turistkontoret i Odda for meir detaljert informasjon om turen, overnatting og kart på tlf: 53 65 40 05 eller på e-post: turistkontor@odda.kommune.no

NYHETER