snakkeboble1

VIA FERRATA

viaferratabilde

TyssoViaFerrata er ei ferd i det unike menneskeskapte verdikretsløpet vatnet har i Tyssedal. På ferda gjennom TyssoViaFerrata får ein oppleve attraksjonane som gjorde Odda som nord Europas mest besøkte turistmål i 1904. Ein får ei kjenne på kroppen den kvardagen som møtte rallarane som bygde ut vasskraftanlegga. Og ein får er ei innføring i norsk historie, innanfor ei fantastisk naturramme. Med klatresele, hjelm og sikkerhetsslynger vil me invitere til minnerike opplevingar i Tyssedalsfjella.

 

TyssoViaFerrata er ei ferd der ein fylgjer vatnet frå det samle seg i fjellvatn på Hardangervidda. Til det endar i Hardangerfjorden. Få andre stader i verda er vatnet er hovedgrunnlaget for så mange næringar som i Tyssedal. I fjellvatn, elvar og fossar er vatnet ei matkjelde og ein turistattraksjon. Vatnet vert så samla i røyr, og nytta til produksjon elektrisitet i 3 kraftstasjonar (Tysso2, Mågeli, og Oksla). Elektrisiteten vert nytta i produksjonen på fabrikkane TTI Tyssedal, og Boliden Odda. Frå kraftstasjonen Oksla, vert vatnet ført i røyr over til fabrikken TTI, og nytta som kjølemedium i smelteverksproduksjonen. Det oppvarma vatnet vert så ført i ei ny røyrsløyfe tilbake til NVIM, og nytta til oppvarming av museumsbygningen. I fjellet ved NVIM er det sprengd ut ein fjellhall. Her utføre Hardanger Fjellfisk oppdrett av fjellaure. Det varme vatnet frå TTI vert og nytta her, og er ideelt temperert med tanke på rask vekst på auren. Som siste ledd vert vatnet nytta som drikkekjelde. På Hovland, ca 10 km nord for Tyssedal er vassfabrikken Isklar etablert. Drikkevatnet frå Isklar vart nyleg kåra til verdas beste flaskevatn.

TyssoViaFerrata er opplevingar med mykje luft under fjellskoa. Ei oppleving man absolutt ikkje bør gå glipp av!


For meir informasjon se www.opplevodda.com

NYHETER