Tysso I kraftanlegg blei bygd mellom 1906 og 1918, og var eit av dei største høgtrykksanlegga i verda. Tysso I var livsnerva til industrisamfunna Odda og Tyssedal.
Kraftanlegget er godt bevart, og er eit av dei fremste tekniske og industrielle kulturminna Noreg har i dag. Kraftanlegget fortel historia om vasskraftutbygginga og om framveksten av det moderne Noreg.
Det er viktig for museet å ta vare på, og å skape liv i anlegget. Eit svært omfattande restaureringsarbeid har pågått sidan hausten 1999, både av sjølve kraftstasjonen og på Lilletopp, anlegget på toppen av røyrgata.
Tyssedal kraftanlegg, Tysso I, vart freda av Riksantikvaren 15. mai 2000.
Etter eit biletspel om Industrieventyret og ei omvisning i kraftstasjonen kan ein vera med i rallarens fotspor. Enten ein vil klatra langs dei bratte vassrøyra saman med Opplev Odda, eller ta fotturen til Lilletopp der fordelingsbassenget og dei gamle vasstunnellane ligg i den bratte fjellsida. Her kan ein og prøva meiselen eller berre nyta den fantastiske utsikten.
Born og unge kan laga eige miniputtkraftverk nede ved anlegget. Ein kan handla kunsthandverk eller lokal mat i museumsbutikken. Eller nyta ein ”Turbin-pizza” i Tysso kaféen ved fjorden. Spanande permanente og skiftande utstillingar i det historiske administrasjonsbygget. Konsertar finn stad med jamne mellomrom.