snakkeboble2

HISTORIE


I 1913 vart Odda eigen kommune. Før 1913 var Ullensvang herad delt i tre sokner; Kinsarvik, Ullensvang og Odda. Kva var så bakgrunnen for å oppretta ein ny kommune?

I følge lokalhistorikaren Olav Kolltveit hadde Ullensvang og Kinsarvik lenge sett på Odda som ein klamp om foten. Skatteinntektene frå Odda var minst og utgiftene til fattigvesenet størst. Det var likevel ikkje dette som var hovudgrunnen til skilsmålet.

Forløparen for eigen kommuneorganisering for Odda var opprettinga av bygningskommune for Odda sentrum. Bygningskommune vil seia ei eining innanfor eit herad der bygningsloven vart gjort gjeldande. Denne skulle arbeida for å sikra området mot brann. Organiseringa var ikkje god nok ettersom Odda ikkje hadde ein eigen reguleringsplan, noko som kom krav om i 1902. Bygningskommunen omfatta heller ikkje renovasjon og vassverk. Dei uløyste oppgåvene hopa seg opp i det veksande industrisamfunnet. Den kommunale styringa var så tungvint at spørsmålet om heradsdeling pressa seg fram med stigande styrke år for år.

Odda i vekst
Folk i Ullensvang og Kinsarvik såg med bekymring på veksten og utviklinga i Odda. Folketalet i Odda sokn hadde auka frå 1446 i 1900 til 3077 i 1910, og samstundes minka i dei to andre sokna frå 3913 til 3677. Det var berre eit tidsspørsmål før Odda ville ha folketalsfleirtal åleine. Bøndene i Odda var derimot ikkje så glad for delinga. I eit nytt herad ville dei koma i mindretal og dei var redd for industrikriser.

Men det var spørsmålet om deling av lensmannsombodet som set prosessen med heradsdelinga i gang. Amtmannen spør alt i 1909 om det ikkje er på tide at Odda vert eige lensmannsdistrikt, og det er grunnar til det. Forholda hadde ikkje nett vore rolege under anleggstid og oppstart av kabid- og cyanasmidfabrikkane.

Då amtmannen sin førespurnad er oppe i heradsstyret, vart det sett ned ei nemnd på tre mann med 1 frå kvar sokn – for å greia ut spørsmålet om deling av  heradet kommunalt og geistleg. Dette vert vedteke med 18 mot 7 røyster. Det er Odda sine representantar som røystar imot. 
Det var her bøndene og det gamle Odda som talte – dei Kolltveit kallar « bygdefedrane». Det  nye Odda var ikkje representert  i heradstyret.

Nemnda vart straks samde med seg sjølv om at Odda trong eigen lensmann – men så var det slutt på semja. Representantane var ueinige om det var til det beste for Odda å verta eigen kommune av ulike grunnar. Etter lang debatt og skarp kniving, blei heile spørsmålet samrøystes vedteke utsett i heradsstyret 13.11.1909 , men saka var ikkje ut av verda for det.

Delingskravet
I staden kom Odda med krav om auka representasjon i heradsstyret. Dei hadde 8 og krevde 20 grunna representasjon etter folketalet . Det ville vore jamt med dei to andre til saman.
Heradsstyre avviste kravet mot oddarøystene – og no skjer det ei interessant og ny vending.

Odda reiser delingskravet. I heradstyret 24.01.1911 reiser 5 representantar frå Odda framlegg om at det skal bli sett ned ei ny nemnd til å førebu utskiljing av Odda sokn som eigen kommune. Delingssaka kjem opp til realitetsavgjerd i  heradsstyret 28.10.1911 etter at utsettingsforslaget har falle. Årekol sitt framlegg om Odda som eigen bygningskommune får 2 røyster og fell.

Deretter vart slikt kortfatta vedtak fatta mot dei 8 røystene frå Kinsarvik:
«Herredet deles i 3 etter de nåværende sognegrenser således: Kinsarvik sogn danner Kinsarvig herred, Ullensvang sogn danner Ullensvang herred ; Odda sogn danner Odda herred.»

Heradsstyret rådde og samrøystes til at lensmannsdistriktet og prestegjeldet vart delt på same måte. Historien fortel at det gamle Ullensvang heradstyre heldt sitt siste møte på Krossvoll 30 juni 1913.  
Trass i harde hogg som hadde falle under oppløysinga av «unionen» rådde det ei forsonleg og vemodig stemning i avskilsstunda.
Det gamle Ullensvang heradstyre skildest med trauste handtrykk – skriv Kolltveit.

Representantane i kommunestyret
Det kan leggjast til at det på det siste møtet i det gamle Ullensvang heradsstyre hadde alle deltagarane etternamn som og samstundes var eit gardsnamn som låg innanfor soknegrensene. Dette med unntak av protokollist på møtet, redaktør Aas, samt Ola O. Hagen (handelsmann i Odda som ætta frå  Røldal).

Etternamna på representantane var Aga, Alsåker, Apold, Børve, Bleie, Eidnes (2), Eitrheim, Espe, Haustveit, Hesthamar, Jaastad, Låte, Midnes, Måkestad, Naa, Sandvin, Tokheim, Urheim, Utne (2), Aarhus, Aarekol og Aase.

ullensvang heradsstyre 1913
 
ULLENSVANG HERADSSTYRE
Teke 30.juni 1913 utanfor Krossvoll. Fotograf: Torstein Lofthus.
Arkiv: Hardanger Folkemuseum

 
Det er i seg sjølv eit tungt vitnemål om at tida var mogen for eit oppbrot. Det gamle systemet trong ei fornying som samsvara med forholda «på bakken» og representasjon i samsvar med innbyggjarane sin reelle samansetting.

Deretter vart det halde suppleringsval til kommunestyra. Dei 8 frå Odda vart utvida med 12 og det nye kommunestyret i Odda var på 20 medlemer.
I Ullensvang og Kinsarvik vart det utvida med 4 slik at det vart 12 medlemer i kvart. Desse vala varde eit for eit halvt år, då det hausten 2013 var kommuneval i heile landet.

kommunestyret i odda kommune 1913
 
ODDA KOMMUNESTYRE 1913.
Arkiv: NVIM


 
Oppsummert:
Odda vart eigen kommune då tida var mogen. Då Odda sine rettmessige krav om representasjon i høve til folketal vart blokkert, snudde stemninga og Odda fronta utmeldingsprosessen.
Odda sine særlege og presserande behov for å få løyst overordna samfunnsoppgåver – enten det var skule, vassforsyning, renovasjon eller regulering og brannførebygging -  vart ikkje stetta i det eksisterande hopehavet. Eit forhold som i realiteten vart erkjent av alle partar etter som tida gjekk. 

Døme: Skulehuset i Odda krins var nytt i 1893 og fullstendig sprengt.  Nytt måtte byggjast. «Bygdefedrane» - eller kommunestyret om ein vil – som var vane med at eit skulehus kosta mellom kr. 8 - 9 000, vart no stilt i utsikt eit nytt skulehus som krov det tidoble, rygga og streka. Skilsmisseprosessen avklarte at det var rett og nødvendig av Odda vart eigen kommune, noko og ettertida har prova.